Vedtekter

VEDTEKTER FOR DAGGRY BARNEHAGE

 

I kvar barnehage skal det finnast vedtekter, jf barnehagelova § 15. Desse skal vere ei orientering til foreldra om ulike tilhøve i barnehagen. Vedtektsendringar skal godkjennast i Styret for barnehagen (eigarstyret) / kretsstyret i Sunnmøre Indremisjon, og sendast så til kommunen  til orientering. Lovendringar skal til ei kvar tid innarbeidast av eigar.

 

1. HOVUDRAMME

Barnehagen vert driven i samsvar med Den Norske Kyrkja si bekjenning, Lov om barnehagar av 2006, Rammeplan av 2017, og dei forskrifter og retingslinjer som til ei kvar tid er fastsette av departementet, kommunen og eigar, og i årsplan for Daggry barnehage.

 

2. EIGARFORHOLD

Sunnmøre Indremisjon eig og driv Daggry barnehage. Barnehagen har eit eige styre, som er underordna styret i Sunnmøre Indremisjon. Dette består av 2 representanter frå eigar, 2 representanter frå personalet, og styrar for barnehagen.

Styret i Sunnmøre Indremisjon er det ansvarlege organ for institusjonen, og det organ som representerer eigaren. Ved tilsetting av styrar og pedagogiske leiarar i Daggry barnehage skal styret i SI foreta utlysing og tilsetting i samsvar med lov og forskrifter. Styrar for barnehagen skal gje innstilling i tilsettingssaker. Tilsetting av assistenter, og stilling i vikariat, er delegert til styret for barnehagen.

Styret for barnehagen godkjenner også vedtekter, rekneskap og budsjett.

 

3. FORMÅL

Daggry barnehage har utvida kristen formålsparagraf, og skal i nær forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje barnet ei kristen oppseding i eit trygt og godt miljø. Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd, og skal medverke til at det einskilde barn får gode utviklings- og aktivitets-mogelegheiter, og utvikle barnas evner og vilje til å samarbeide, respektere andre, og ta ansvar og ha omsorg for medmennesker.

Dei tilsette i barnehagen må forplikte seg til å arbeide i samsvar med barnehagens formål, vedtekter og gjeldande instruks.

 

4. FORELDRERÅD OG SAMARBEIDSUTVAL  

For å sikre samarbeid med barna sine heimar, skal alle barnehagar ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval.

Foreldrerådet består av alle foreldre/føresette til barna i barnehagen.

 

Samarbeidsutvalet ved Daggry barnehage skal bestå av 2 føresette, 2 tilsette, og 2 representanter frå eigar. Funksjonstida for foreldrerepresentantane og dei tilsette er 1 år, medan eigarrepresentanter vert valde for ein periode på 4 år.

Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv. Styrar har møte-, tale- og forslags-rett i samarbeidsutvalet.

Styraren i barnehagen set opp sakliste, førebur sakene, og kaller inn til møte i samråd med leiar for samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. SU skal fastsetje årsplan for den pedagogiske verksemda i barnehagen, uttale seg om budsjett og rekneskap for barnehagen, og sjå til at barnehagen vert driven etter barnehagelova og dei forskriftene som gjeld. Barnehageeigar skal sørge for at saker av viktigheit vert lagt fram for foreldrerådet og samarbeidsutvalet, jfr. Barnehagelova §4.

  

5. GODKJENNING Barnehagelova § 10

Daggry barnehage er godkjend for 96 plasser for barn i alderen 0 – 6 år, der eit barn under 3 år skal reknast på 2 plasser. Daggry barnehage gir tilbod om heile plasser, og delte plasser. ( 60% og 80% plass)

Alle barnehagar skal vere godkjent av kommunen før verksemda kan starte.

 

6. LEIKE- OG OPPHALDSAREAL

Minimumsnorma for leike- og opphalds-areal pr. barn over 3 år er 4 kvm, og pr. barn under 3 år 5,33 kvm. Jf merknadane i barnehagelova. Daggry barnehage har vedteke å fylgje denne statlege minimumsnorma. Utearealet skal vere 6 ganger leike- og opphaldsareal inne.

Daggry barnehage har eit samla leike- og opphaldsareal inne på 345 kvm. Aktivitetssal på 70 kvm er ikkje medrekna her.

 

7. OPNINGSTID / FERIESTENGING

Opningstida er mand.- fred. frå 6.45 – 17.00 Barnehagen er stengt julaftan, nyttårsaftan, alle raude dager, og 5 dager pr. barnehageår då personalet har planleggings- og kursdager. Det vert ikkje gjeve frådrag i foreldrebetalinga for desse dagane.

Daggry barnehage held ope heile sommaren. Alle barna skal ha minimum 4 veker ferie i løpet av eit barnehageår, og minst 3 av desse vekene skal takast ut samanhengande innanfor skuleferien. Dersom foreldre har behov for å ta ut den 4.veka utanfor hovudferien, må det søkjast til barnehagen på førehand om å få det godkjent som ferie. All ferie må takast ut i heile veker, ikkje som einskilddagar. Barn som ikkje skal fortsette i barnehagen etter sommarferien, må ta ut all ferien innan 14.aug. då barnehageåret er slutt. Meir informasjon vedr. ferieavvikling får ein frå styrar.

 

 

8. FORELDREBETALINGFøreskrift om foreldrebetaling i barnehagar av 16.12.06

Vedtak om fastsetjing av maksimalgrensa for foreldrebetaling i barnehagar for gjeldande år.

  

Betaling for opphald i barnehagen skjer etter dei satsane som til ei kvar tid er vedteke i Giske kommunestyre.

Det skal betalast for 11 månader i året. Det vert gjeve syskenmoderasjon på 30% for det andre barnet, og 50% for det tredje eller fleire barn. Moderasjonen vert gjeve til det barnet som har den lågaste satsen, (dersom søsken har ulik opphaldstid) og den vert gjeve også om sysken går i ulike barnehagar. I tillegg til betaling for opphald kjem betaling for mjølk, frukt, mat, turar,m.m. etter barnehagen sine eigne satser. Dersom det vert overskot i rekneskapen på kostpenger, så kan desse dekke ein del av kjøkkenassistent-stillinga.

Det er høve til å kjøpe ekstra timer/dager i barnehagen, når det er ledig kapasitet. Satsen for kjøp av ekstra tid er fastsett av Giske kommunestyre, og er forbeholdt dei barna som allereie har plass i barnehagen på deltid.

Ledig kapasitet tyder at eit anna barn ikkje nytter plassen sin den dagen.

Dersom foreldrebetalinga uteblir i 2 månader, vert plassen sagt opp. Om nokon har uteståande betaling frå tidlegare opphald, kan ein ikkje få tildelt ny plass i barnehagen før det uteståande er betalt.

  

9. REDUSERT FORELDREBETALING

 

Foreldre med låg betalingsevne har høve til å søkje reduksjon eller fritak frå foreldrebetaling jf §3 i føreskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Ordninga gjeld for foreldre som er busette i kommunen med barn i kommunale eller private barnehagar. Ein søkjer til Giske kommune.

  

10. OPPTAK AV BARN

Barnehagelova § 12 Samordna opptaksprosess i kommunen.

  

Melding om opptak og frist for å søkje, skal kvart år annonserast i lokalpressa. Hovudopptaket skjer om våren, og nytt barnehageår tek til 15.august. Det skal søkjast på fastsett elektronisk skjema, som ein finn på Giske kommune si heimeside. 

Det er styrar for Daggry barnehage som gjer opptak, i det samordna opptaksmøtet i kommunen, i samsvar med gjeldande lover og regler, og ut frå fastsette opptakskriterier.

Daggry barnehage har eitt hovudopptak pr. år, og tildeler plasser frå 15.august. Det må betalast frå denne dato sjølv om barnet ikkje starter før seinare utpå året. Det vert gjort løpande opptak gjennom året dersom barnehagen får ledig kapasitet.

Har barnet noko form for funksjonshemming, kronisk sjukdom hjå barnet eller i heimen, eller er barnehageplass tilrådd av sakkunnig, er det krav om at fråsegn frå sakkunnig instans skal ligge ved søknaden.

Barnet får tildelt fast plass, som dei har fram til skulestart. Dersom ein ynskjer å søkje om endra opphaldstid, eller å flytte barnet over til ein annan barnehage, skal søknadsskjema nyttast, og søknaden vert behandla på lik linje med andre søknader.

Barn som ikkje får plass ved hovudopptaket, vert automatisk plassert på venteliste, som gjeld heile barnehageåret. Nye søkjarar som kjem til i løpet av året, vert sett på ventelista. Ventelista vert nytta ved tildeling av plass i løpet av året, og plassane vert tildelte i samsvar med kva alderstrinn barnegruppa har behov for. Ventelista gjeld for det aktuelle barnehageåret, og det må søkjast på nytt ved nytt hovudopptak. Det er styrar som avgjer og legg til rette for å gje tilbod om plass som samsvarer med føresette sitt ynskje om vekedager, for barn som har delt plass. På dette området må det vere ein dialog mellom føresette og barnehagen.

 

Opptakskriterier:

  1.     Barn med nedsett funksjonsevne jfr barnehagelova §13, og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd.
  2.     Barn som etter ei sakkunnig vurdering frå PPT, lege, helsestasjon er tilrådd barnehageplass, (krev dokumentasjon frå faginstans). 3.Siste året før barnet skal ta til på skulen
  3.     Barn av tilsette i Daggry barnehage.
  4.     Barn som har delt plass i barnehagen og søkjer utvida plass.
  5.     Sysken av barn som har plass i Daggry barnehage.
  6.     Barn som t d lever under vanskelege familieforhold og/eller har dårlege oppvekstforhold av ulike årsaker, barn som sjølv har eller har føresette med anna morsmål enn norsk, barn med språkproblem, barn som har behov for sosial trening, barn over 3 år med få leikekamerater i nærområdet,bur trafikkfarleg, bur på gard m.m.
  7.     Anna.

 

Ved samansetjing av gruppene skal det takast omsyn til at det vert ei rimeleg fordeling med tanke på alder, kjønn og funksjonsnivå.

 

11. OPPSEIING AV PLASS

Eventuell oppseiing av plass skal skje elektronisk med minst 2 månaders varsel.

Dersom sluttdato for barnet er før den 15. skal det betalast for ein halv månad. Sluttar barnet etter den 15. skal det betalast for ein heil månad. Blir plassen oppsagt etter 15.april, slik at sluttdato for barnet blir seinare enn 15.mai, skal det betalast ut barnehageåret.

Dersom ledige plassar vert disponert av andre barn i oppseiingsperioden, skal det ikkje betalast lenger enn til plassen er disponert.

Det er høve til å søkje permisjon, i hovudsak for eit barnehageår om gangen. Det kan også søkjast for eit halvt år, dersom det er for vårhalvåret slik at permisjonen varer ut barnehageåret.

 

 

12. TEIEPLIKT OG OPPLYSNINGSPLIKT

Personalet ved Daggry barnehage, medlemer av Styret, Samarbeidsutvalet og medlemer av opptaksnemda i barnehagane har teieplikt jfr barnehagelova §20.

Barnehagepersonalet har opplysningsplikt til sosialtenesta og barnevernstenesta, jf §§ 21 og 22 i barnehagelova.

 

13. HELSE OG SJUKDOM

Alle barnehagar og skular i Giske kommune skal vere godkjende etter føreskrift om ”Miljøretta helsevern i skular og barnehagar m.v.” av 01.12.95. Føreskrifta sitt mål er å bidra til at miljøet i barnehagar og skular fremmar helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold, samt å hindre sjukdom og skade.

Daggry barnehage er godkjend etter denne føreskrifta.

Før eit barn startar i barnehage, skal det leggjast fram erklæring om barnet si helse på skjema utsendt frå barnehagen.

Når eit barn er sjukt eller sterkt forkjøla, skal det vere heime p.g.a. smittefare.

Regler vedr. sjukdom vert levert ut til foreldra når barnet starter i barnehagen.

 

14.

POLITIATTEST                                                                                                                                              

For den som vert tilsett i barnehage er det krav om at det skal leggjast fram politiattest av ny dato. Dette for å unngå at personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn skal få høve til å arbeide i barnehagen.

 

15. INTERNKONTROLL

Barnehagen skal ha internkontrollsystem etter gjeldande lover og føreskrifter. Daggry barnehage nyttar PBL (Private barnehagers landsforbund) sitt internkontrollsystem PBL MENTOR, og har også bedriftshelseteneste i PBL. Internkontrollsystem er systematiske tiltak som skal sikre og dokumentere at drifta er i samsvar med krav fastsett i eller medhold av lov og føreskrifter. Dei systematiske tiltaka skal vere skrive i administrative prosedyrer.

 

16. UTLEIGE OG BRUK AV BARNEHAGEN

Når det ikkje er til hinder for den daglege drifta av barnehagen, kan barnehagen sine lokale brukast til andre møte- og aktivitets-tilbod. Styret for Daggry barnehage står ansvarleg for utleige og bruk.

 

17. MÅLFORM

Nynorsk er målforma som skal nyttast i barnehagen.

 

  

  

  

  

  

  

  

  

 

 

 

Vedtektene var oppe i kretsstyret i Sunnmøre Indremisjon til orientering

07.03.2017, og vart godkjendt i styret for Daggry barnehage 08.03.2017