Pedagogisk plattform

Pedagogisk platform/ satningsområder

Daggry barnehage vert driven utfrå Lov om barnehager, Rammeplan, vedtekter og årsplan for barnehagen. Det overordna målet er at barnehagen skal gje barna gode utviklings- og aktivitets-muligheiter i nær forståing og samarbeid med barna sin heim.

Hos oss skal barna få oppleve glede og tryggleik, medan dei tileignar seg basiskompetanse gjennom leik og kvardagsrutiner, slik at dei får eit godt grunnlag å bygge livet sitt på. Dei skal lære å meistre livet både no og i framtida.

I Rammeplanen er det skissert 7 områder som skal dekke det faglege innhaldet i barnehagen; "Kommunikasjon, språk og tekst", "Natur, miljø og teknologi", "Kunst, kultur og kreativitet", "Etikk, religion og filosofi", "Kropp, bevegelse, mat og helse", "Antall, rom og form" og "Nærmiljø og samfunn". (les meir under Årsplan)

Desse områda skal integrerast i emner, leik og kvardagsrutinene i barnehagen.  Det vert lagt stor vekt på språkutvikling, sansemotorisk stimulering, barns medverknad, utforsking og meistring. I samsvar med Giske kommune sin kvalitetsplan for barnehager, så har vi også ei satsing på kreativ bruk av IKT. Vi bruker Ipad, pc, fotoapparat, m.m. som pedagogiske hjelpemiddel når vi jobber med tema, læring og dokumentasjon.

Barnehagen deltek i realfagsprosjekt i Giske kommune, som skal vare ut 2019. Dette året er det mest fokus på naturfagdelen av realfag, og vi har eit samarbeid med Atlanterhavsparken.

Barnehagen er også med i utviklingsarbeidet TO FRAM saman med barnehager i Giske og Sula kommune. Utviklingsarbeidet er rettleia av "Ringer i Vann", og går på kompetanseheving av personalet i samband med leiing og implementering av ny Rammeplan for barnehager; vi skal omsette innhaldet i planen til god praksis i barnehagen. 

BARNESYN  PÅ DAGGRY

"SOM EIT KJEDE, SAMAN I GLEDE

INGEN LIKE, MEN ALLE UNIKE!"

 

  • Alle barn er unike og verdifulle, og skal møtast med respekt
  • Dei har alle rett til å få utvikle seg utfrå eigne evner og føresetnader, individuelt og i samspel med andre
  • Det er viktig med tidleg stimulering av språk og sosialt samspel,

og utviklingsstøtte for god læring og kunnskaps-tileigning heile livet

  • God læring = heilheitleg læring. Det betyr samanheng i læringa frå barnehage til endt skulegang, det betyr tverrfagleg læring, og det betyr at barn får lære gjennom opplevingar og refleksjon, med heile kroppen og alle sansane sine.

God læring er avhengig av inspirerande voksne som er gode rollemodeller, og som motiverer til barnet si lyst til å lære og utforske.

 

DETTE SKAL BARNA OPPLEVE HOS OSS:

* Å kjenne seg elska (visjonen vår; formidle Guds kjærleik)

Oppleve å vere unik og verdifull i vårt fellesskap. Bli sett og høyrt kvar dag.

* Å kunne fungere godt saman med andre mennesker (sosial kompetanse; vennskap, respekt, toleranse, ansvar, problemløysing, empati,.. gjennom opplegget "Steg for steg")

* Humor og glede; korleis dette gir livet verdi

* Tryggleik i eit godt miljø, som er prega av

dei kristne grunnverdiane

* Få gode opplevingar med sang og musikk

* Eit godt læringsmiljø, der læring skjer gjennom leik og sanse-opplevingar. Grunnleggande kompetanse innanfor dei 7 fagområda i rammeplanen.

 

VISJON og KRISTEN FORMÅLSPARAGRAF

Barnehagen vår har ein utvida kristen formålsparagraf, noko som vil seie at den kristne bodskapen pregar kvardagslivet og haldningane i barnehagen. Barna vil få god kjennskap til dei kristne grunnverdiane, og kristne barnesanger og litteratur vil bli brukt på lik linje med anna stoff som vert presentert for barna.

Med visjonen vår: " Guds kjærleik til barna" , ynskjer vi å formidle Guds kjærleik til menneska, gjennom omsorg, læring og relasjoner i barnehagen.

Satsingsområde:

LEIK OG LIVSMEISTRING

Leiken er livsviktig for barn, det er gjennom leik og utforsking at all læring hos små barn skjer. Derfor jobber vi med å gje barn kunnskap og basiskompetanse til å kunne meistre livet sitt no og i framtida gjennom leik. Vi vil bruke fortellinga om livet i Hakkebakkeskogen og fellesskapet der som eit konkret tema i arbeidet med barna, når vi skal jobbe mot måla for livsmeistring.

Ein stor del av livsmeistring er sosial kompetanse. Her har vi fokus på barnets tryggleik og identitet, verdier, fellesskap, samspel og vennskap. Livsmeistring handler også om fysisk og psykisk helse, om å ha gode verdier å bygge livet sitt på, språkleg kompetanse, vite korleis ein handterer mobbing, digital kompetanse, praktiske ferdigheiter, og basiskunnskap om ulike tema innanfor dei 7 fagområda i rammeplanen.  

Å vere sosialt kompetent vil seie å kunne meistre samspel med andre mennesker på ei god og konstruktiv måte. Det å lukkast i møte med sosiale krav, og verte integrert i sosiale miljø, er fundamentet for alt menneskeleg samliv, og det er avgjerande for barnas framtidige liv korleis dei meistrar dette.

Vi vil at kvart barn skal oppleve å vere ein verdifull del av fellesskapet der ein kan både gje og ta, og barnet skal lære grunnleggande verdiar som ansvar, omsorg, respekt, toleranse, empati og kommunikasjon på ulike plan.

LØFT-metoden: (løysingsfokusert tilnærming /arbeidsmetode) er det overordna temaet for både barn og personale. Dette inneber at vi skal bekrefte og synleggjere god atferd istadenfor å ha fokus på det som er negativt, vi skal løfte kvarandre fram og synlegjere gode sider, vi skal fokusere på løysingar der det er problem. Målet er at barnet / mennesket skal bli den beste utgåva av seg sjølv og utvikle god sjølvkjensle. Dette er også utgangspunktet for å bli sosialt kompetent.

SPRÅKSTIMULERING i BARNEHAGEN

Ut frå Rammeplan for barnehagen skal språk og språkutvikling leggast stor vekt på i det pedagogiske innhaldet i barnehagen. Vi oppsummerer her korleis vi jobber med dette i Daggry barnehage.

Progresjonstrapp

Barnehagen jobber med språkstimulering utfrå ei progresjonstrapp, der det kjem fram kva som er karakteristisk for utvikling av språket på dei ulike alderstrinn, og ideer til korleis ein kan jobbe med og stimulere språket til det einskilde barnet, utfrå utvikling og modning.

Førskuleklubb

Vi har samlingar kvar veke med dei barna som skal på skule til hausten. Innhald i desse samlingane er m.a.opplegg som går direkte på språkstimulering og realfag, eit særskilt musikkopplegg, skuleretta oppgåver som tek for seg ulike begrep, farge, form, bokstaver, tal osv, høgtlesing frå ei bok, og turdag.

 

Kvardagsrutinene

Alle daglege rutiner i barnehagen er situasjoner der språket vert stimulert. I desse situasjonane når barna kler av/på seg, når dei sit ved matbordet og smør sin eigen mat, når den voksne har eit barn på stellebordet, når vi går på tur, osv, så ligg det godt til rette for samtale og begrepslæring. Her finns alle orda som barna treng i kvardagen sin. 

Men for at desse situasjonane skal bli optimale, så krev det mykje av dei voksne i barnehagen. Vi må vere bevisste på kva vi vil lære barna, og vi må vere gode språkmodeller. Her er det viktig å vere "tilstades" når vi kommuniserer med barna, sette ord på ting og snakke med barnet om det vi gjer saman, vere ein god lyttar, vere tydeleg både i kroppsspråk og verbalt språk, og vi må gje opplevingar som gir grunnlag for samtale, nye ord og begrep.