Linerla

 

Vi er Linerla, vi er små og søte 

Vi vil leike, tøyse vere glad.

Då er det fint å ha gode venner,

som kan gjere kvardagen vår bra!

melodi: se min kjole

 

 

Først litt praktisk: Når du kjem til Linerla kjem du først inn i grovgarderoba vår som vi deler saman med Spurven. Her kan du henge frå deg dressen, regnkleda og støvlane dine, på merka plass. Vidare kjem du inn i fingarderoba vår, her vil du finne din eigen plass, eit skap, hylle og ein krok der du kan ha ytterjakke, sko, anna tilbehør og skifteklede. Frå fingarderoba kan du enten gå inn på hovudrommet vårt igjennom ein port, eller inn på badet. På badet har alle eigne plassar til bleiane sine. Før ein går inn på avdelinga om morgonen må ein gå på badet og vaske seg på hendene, saman med foreldre eller med ein av personalet. På hovudrommet et vi frukost frå 07.00-8.00. Det er valgfritt å ete frukost i barnehagen. Når du er ferdig å ete frukost kan du gå frå bordet å leike deg med det du vil. Vi har mange fine leikekrokar på avdelinga vår, med moglegheit for både rolleleik, konstruksjonsleik og meir fysisk leik. Det er berre fantasien som stoppar deg!

Houvdtema: inkluderande barnehagemiljø med vekt på språkutvikling og leik. For å jobbe med dette har vi valgt å fokusere på barnesongar. Gjennom song og musikk ynskjer vi å skape fellesskap og glede for liten og stor. I årsplanen finn de ei oversikt over månadenssong. Dei songane som er nemt der vil vi bruke aktivit både i samling, planlagde aktivitetar som dramatisering, formingsaktivitet og liknande. I tillegg til dei songane som er nemd her vil de finn mange andre kjekke og fine barnesongar som veggdekor i avdelinga vår. 

Gjengen vår: vi vil i løpet av året bli ein gjeng på totalt 12 barn, seks barn fødd i 2021, fem barn fødd i 2022. På nyåret får vi inn ett barn som er fødd i 2023. Vi gleder oss veldig til å bli kjend med dokke alle. 

Personale: Marte (pedagogisk leiar), Barbro (pedagogsik leiar), Camilla (assistent), Lena (assistent) og Sølvi (assistent).