Daggry barnehage

"SOM EIT KJEDE, SAMAN I GLEDE INGEN LIKE, MEN ALLE UNIKE"

Daggry barnehage ligg på Valderøya, i Giske kommune, ca 10 min. frå Ålesund gjennom undersjøiske tunneller. Vi ligg sentralt i kommunen ved Valderøy barneskule, og har kort veg til naturområder i skogen og ved sjøen.

 Barnehagen har 4 avdelinger med 72 plassar for barn 1 - 6 år, med eigne småbarnsavdelinger. Barnehagen tilbyr 100% plass.

Barnehagen har leik og livsmeistring som satsingsområde, og vi bruker Hjerteprogrammet som pedagogisk opplegg til å jobbe med sosial kompetanse.  Læring i barnehagen skjer gjennom leik og utforsking, barna skal få lære med heile kroppen og alle sanser. Tryggleik og omsorg er grunnleggande for læring, og dei kristne verdiane har ein naturleg plass i vår kvardag. Vi har fokus på verdier, vennskap, omsorg, læring, danning og barns medverknad, når barna gjennom leiken skal få tileigne seg basiskompetanse som dei treng til å meistre livet sitt godt no og i framtida.

 I Daggry barnehage legg vi stor vekt på trivsel og glede, sang / musikk, sosialt samspel, språkutvikling, og bruk av naturen som læringsarena. Barnehagen har også sitt eige barnekor: "Daggry barnehagekor".

Nærare omtale av innhald under sidene "Pedagogisk plattform" og "Årsplan".

Opningstid : Mand-fred. kl 7.00-16.30. Barnehagen er stengt i veke 30 om sommaren, stengt i romjula, og med redusert opningstid i påskeveka, dersom minst 5 barn har behov for plass. Barnehagen er også stengt 5 studiedager for personalet pr. barnehageår.

Eigar av barnehagen er IMF Sunnmøre, og barnehagen har utvida kristen formålsparagraf, med visjonen: "- med Guds kjærleik til barna".