Spurven

Praktisk info: Når du kjem til Spurven, møter du først grovgarderoba vår som vi deler saman med Linerla. Her kan du henge frå deg dressen, regnkleda og støvlane dine på merka plass. Du finn også vognrommet vårt der du kan sette frå deg vogna di. Barna brukar å kvile i vogna si på dette rommet etter lunsjen. Går du inn døra det står Spurven på, kjem du inn i fingarderoba vår. Her vil du finne din eigen plass med eit skap, ei hylle og ein knagg til å henge frå deg jakke, sko og anna tilbehør på. I korga på toppen kan du legge skiftekleda dine. Frå fingarderoba kan du enten gå inn på hovudrommet vårt gjennom ein port, eller inn på badet. På badet har alle eigne plassar til bleiane sine. Før ein går inn på avdelinga om morgonen må ein gå på badet og vaske seg på hendene, saman med foreldre eller med ein av personalet. På hovudrommet et vi frukost frå 07.00-8.30. Det er valgfritt å ete frukost i barnehagen. Når du er ferdig med å ete frukost, kan du gå frå bordet og leike deg med det du vil. Vi har mange fine leikekrokar på avdelinga vår, med moglegheit for både rolleleik, konstruksjonsleik og meir fysisk leik. Det er berre fantasien som stoppar deg!

Houvdtema: Vårt hovedtema i år er inkluderande barnehagemiljø med vekt på språkutvikling og leik. For å jobbe med dette har vi valgt å fokusere på barnesongar. Gjennom song og musikk ynskjer vi å skape fellesskap og glede for liten og stor. I årsplanen finn dykk ei oversikt over månadens song. Dei songane som er nemt der vil vi bruke aktivit både i samling, og til planlagde aktivitetar som dramatisering, formingsaktivitet og liknande. I tillegg til dei songane som er nemd her vil dykk finne mange andre kjekke og fine barnesongar som veggdekor på avdelinga vår. 

Gjengen vår: Vi vil i løpet av året bli ein gjeng på totalt 13 barn, sju barn fødd i 2020 og fem barn fødd i 2021. På nyåret får vi inn ett barn som er fødd i 2022. Vi gleder oss veldig til å bli kjend med dokke alle. 

Personale: Emma Hellevik (pedagogisk leiar), Oddhild Skjong (pedagogisk leiar), Heidi Godø (assistent), Trude Skjong (assistent), Mariann Ytterland (assistent) og Andrine Valderhaug (fast vikar).