Måltrosten

Først litt praktisk informasjon: Når du kjem til Måltrosten kjem du først inn i grovgarderoba- her kan du henge frå deg vinter/vårdress, regnkle og støvlar. Vidare kjem du inn i fingarderoba vår- alle barna har sin eigen plass her med jakke og skifteklede. I denne garderoba har vi morgensamling kvar dag kl. 9.15.  Då syng vi litt saman, ser kven som er her før vi går gjennom planen for dagen, og deler oss i ulike leikegrupper (spel, forming, gym, utegruppe, samling o.l)

Vidare inn på avdelinga kjem du til hovudrommet vårt. Her et vi frukost mellom kl. 7.00 og 8.00. Medan vi et frukost er det tilrettelagt for ulike bordaktivitetar og roleg leik. Etter frukost opnar vi opp dei to leikeromma.

Kl. 11.00-11.30 serverer vi lunsj. Brødmåltid med eit godt utval av pålegg og grønsaker. Vi lagar eit varmt måltid ca ein gong pr. veke.

Hovudtemaet vårt i år er inkluderande barnehagemiljø med vekt på språkutvikling og leik. På hausten har vi valgt å fokusere på "Folk og røvere i Kardemommeby". Etter jul har vi fokus på å lese bøker og skape leseglede hos barna. Etter påske vil vi ha hovudfokuset på boka "Den kjempestore pæra" og alt det spennande som skjer der, og koble dette opp mot både samling, turar og aktivitetar. På månadsplanane vil det stå kva vi jobbar med dei forskjellege månadane. 

Vi har mykje gruppedeling og smågrupper i samling, aktivitet og turar.

Tur: Ein gong pr veke går vi på tur i nærmiljøet rundt barnehagen- vi har gruppedeling så ei gruppe på 12 barn går på tur to ulike dagar. Vi dreg til både skogen, leikeplassar og fjøra på jakt etter spennande opplevingar vi kan utforske!

Supersamling: Vi har supersamling ein gong i veka der vi følger opplegget til Solkollen. Her høyrer vi historeier frå bibeien og får mykje god verdiformidling knytt til temaene både om eigenverd, vennskap og inkludering for å nemne noko.

Førskuleklubb: Ein dag kvar veke møtes førskulebarna til førskuleklubb. Vi møtes til klubb i gymsalen eller vi går på tur til «plassen vår». Vi samarbeidar med Lerka og vi har 2 blanda førskulegrupper med 11 barn på begge gruppene.                                                                                                                   

Oppsett for klubbmøta våre:                                                                                                                  - Vi finn plassen vår

- Fellessang «Alle trenger ein liten venn» «Første dag i første klasse»

- Høgtlesing, ulike bøker tilpassa barnas alder

- Forskaroppgåver 

- Oppgåve/aktivitet (enkle skuleoppgåver ut i frå tema, matlaging, naturfagseksperiment)

Etter jul dreg førskulegruppene med buss barnehagesvømming på Bybadet i Ålesund.

 

Gjengen vår: vi er tilsaman 24 barn på Måltrosten. 12 barn fødd i 2018, 7 barn fødd i 2019 og 5 barn er fødde i 2020.

Personale: Siv Lisbeth Mulelid (ped.leiar), Marlen Gidske (ped.leiar), Toril Johansen, Sissel Kleivan, Marita Nordgård Giske og Ragnhild Rønning.

 

Velkommen til oss !