Lerka

Når du kjem til Lerka kjem du først inn i grovgarderoben; her kan du henge frå deg vinter-/vårdress, regnkle og støvlar. Vidare kjem du inn i fingarderoben vår, alle borna har sin eigen plass her med jakke og skiftekle. 

Vidare inn på avdelinga kjem du til hovudrommet vårt. Her er det tilrettelagt for ulike bordaktivitetar, konstruksjonsleik, og høgtlesing i lesekroken vår. 

Medan vi et frukost er det tilrettelagt for to ulike bordaktivitetar og rolleleik på eit av grupperomma våre, i tillegg til hovudrommet. 

Oransjerommet er eit av grupperomma våre, her et vi frukost mellom 8.00 og 8.30. Etter frukost vert rommet nytta til konstruksjonsleik eller rolleleik. Dette rommet vert også nytta til morgonsamling for to av gruppene våre. Dei to andre gruppene har samling i lesekroken. Vi har morgonsamling kvar dag kl. 9.15. På denne samlinga syng vi litt saman, ser kven som er her, og går gjennom planen for dagen, før vi enten går ut eller deler oss i leikegrupper (spel, forming, gym, samling, leik o.l). 

Gulerommet: grupperom nummer to er lagt til rette for rolleleik med kjøkken og utkledning. 

I lesekroken har vi kvilestund med lydbok frå ca 10.45-11.00. 

Kl. 11.00-11.30 serverer vi lunsj. Brødmåltid med eit godt utval av pålegg og grønsaker, kvar tysdag får vi servert varmmat, som vi lagar sjølv eller får levert frå omsorgssenteret. 

Hovudtema: Hovudtemaet vårt i år er inkluderande barnehagemiljø med vekt på språkutvikling og leik. For å jobbe med dette har vi valgt å jobbe med Kardemomme by. På månadsplanane vil det stå kva vi jobbar med dei forskjellege månadane. Vi vil jobbe med temaet på samling, stasjonstrening, tur og gjennom forming og dramatisering. 

Førskuleklubb: Ein dag kvar veke møtes førskulebarna til førskuleklubb. Vi møtes til klubb i gymsalen eller vi går på tur til «plassen vår». Oppsett for klubbmøta våre:

- Vi finn plassen vår

- Fellessang «Alle trenger ein liten venn» «Første dag i første klasse»

- Høgtlesing, ulike bøker tilpassa barnas alder

- Forskaroppgåver 

- Oppgåve/aktivitet (enkle skuleoppgåver ut i frå tema, matlaging, naturfagseksperiment)

- Lunsj

Annakvar veke går vi på tur, til ein skog mellom Eirik-skogen og Ola-bakken, dette blir basen vår. Turane skal vere med på å gi barna gode friluftsopplevingar gjennom heile året. Personalet skal legge til rette for leik, undring, utforsking, nysgjerrigheit og læring i naturen. På turdagen må barna ha med eigen sekk med matpakke, drikke og sitjeunderlag. Dette er god trening for barna i å ta vare på eigne ting, og ei god førebuing til skulestart. På nyåret blir det barnehagesymjing ved By-badet i Ålesund. Vi håpar at førskuleklubben og turane våre er med på å gi barna kunnskap, erfaringar, tru på eigne evner og motiverer barna til å begynne på skulen.

 

Gjengen vår: vi er tilsaman 24 barn på Lerka. 10 barn fødd i 2018, 7 barn fødd i 2019 og 7 barn fødd i 2020. 

Personale: Helene Holvik (ped.leiar), Mona Tønnesen (ped. leiar), Tove Vadset, Mariann Ytterland, Caroline Eide, Ingrid Rønning og Kristian Walderhaug. 

 

 Velkommen til oss på Lerka :)