Først litt praktisk informasjon: Når du kjem til Måltrosten kjem du først inn i grovgarderoba- her kan du henge frå deg vinter/vårdress, regnkle og støvlar. Vidare kjem du inn i fingarderoba vår- alle barna har sin eigen plass her med jakke og skifteklede. I denne garderoba har vi morgensamling kvar dag kl. 9.15. Då syng vi litt saman, ser kven som er her før vi går gjennom planen for dagen, og deler oss i ulike leikegrupper (spel, forming, gym, utegruppe, samling o.l)
Vidare inn på avdelinga kjem du til hovudrommet vårt. Her et vi frukost mellom kl. 7.00 og 8.00. Medan vi et frukost er det tilrettelagt for ulike bordaktivitetar og roleg leik. Etter frukost opnar vi opp dei to leikeromma.
Kl. 11.00-11.30 serverer vi lunsj. Brødmåltid med eit godt utval av pålegg og grønsaker. Vi lagar eit varmt måltid ca ein gong pr. veke.
Hovudtema: inkluderande barnehagemiljø med vekt på språkutvikling og det fysiske leikemiljøet.
Vi har mykje gruppedeling og smågrupper i samling, aktivitet og turar.
Tur: Alle barna får vere med på tur 1. gong i veka. Når vi går på tur deler vi gruppa i to, 11 barn på kvar turgruppe. Vi går på tur til skogen, leikeplassar og fjøra på jakt etter spennande opplevingar vi kan utforske!
Supersamling: Vi har supersamling ein gong i veka der vi følger opplegget til Solkollen. Her høyrer vi historeier frå bibeien og får mykje god verdiformidling knytt til temaene både om eigenverd, vennskap og inkludering for å nemne noko.
Førskuleklubb: Ein dag kvar veke møtes førskulebarna til førskuleklubb. Vi møtes til klubb i gymsalen eller vi går på tur til «plassen vår». Når vi har førskuleklubb samarbeider vi med Lerka, tilsaman er vi 17 førskulebarn.
Oppsett for klubbmøta våre: - Vi finn plassen vår
- Fellessang «Alle trenger ein liten venn» «Første dag i første klasse»
- Høgtlesing, ulike bøker tilpassa barnas alder
- Forskaroppgåver
- Oppgåve/aktivitet (enkle skuleoppgåver ut i frå tema, matlaging, naturfagseksperiment)
Etter jul dreg førskulegruppene med buss barnehagesvømming på Bybadet i Ålesund.
Gjengen vår: vi er tilsaman 22 barn på Måltrosten. 9 barn fødd i 2020, 5 barn fødd i 2021 og 8 barn er fødde i 2022.
Personale: Siv Lisbeth Mulelid (ped.leiar), Sølvi Dyb Alnes (barnehagelærer disp.), Toril Johansen (assistent), Trude Skjong (assistent), Sissel Kleivan (fagarbeidar) og Toril Hege Alnes (spesial pedagog)
Velkommen til oss !