Spurven

Praktisk info: Når du kjem til Spurven, møter du først grovgarderoba vår som vi deler saman med Linerla. Her kan du henge frå deg dressen, regnkleda og støvlane dine på merka plass. Du finn også vognrommet vårt der du kan sette frå deg vogna di. Barna brukar å kvile i vogna si på dette rommet etter lunsjen. Går du inn døra det står Spurven på, kjem du inn i fingarderoba vår. Her vil du finne din eigen plass med eit skap, ei hylle og ein knagg til å henge frå deg jakke, sko og anna tilbehør på. I korga på toppen kan du legge skiftekleda dine. Frå fingarderoba kan du enten gå inn på hovudrommet vårt gjennom ein port, eller inn på badet. På badet har alle eigne plassar til bleiane sine. Før ein går inn på avdelinga om morgonen må ein gå på badet og vaske seg på hendene, saman med foreldre eller med ein av personalet. På hovudrommet et vi frukost frå 07.00-8.30. Det er valgfritt å ete frukost i barnehagen. Når du er ferdig med å ete frukost, kan du gå frå bordet og leike deg med det du vil. Vi har mange fine leikekrokar på avdelinga vår, med moglegheit for både rolleleik, konstruksjonsleik og meir fysisk leik. Det er berre fantasien som stoppar deg!

 

Gjengen vår: Vi er 5 barn, fødd i 2021, 6 barn fødd i 2022 og frå mars 2024 1 barn fødd i 2023. 

Personale: Marte Tolo Skjong (ped.leiar), Heide Merete Godø (ped.leiar - disp.), Trude Skjong (ass.), Susanne (ass.), Vilde Bjørnetun (fast vikar)